Skrive av Connie Isabell KristiansenFor nokre tiår sia var det meir vanleg at ein sette seg i bilen med campingvogna festa bak og reiste på bilferie i Norden. Slik fekk ein sjå korleis folk i nabolanda levde. Ein opplevde mykje nytt og skaffa seg nordiske venner. Å ta turen til naboen er ikkje like attraktivt som før. I dag er det for mange meir eksotisk og spanande å sette seg på charterfly til det vidgjetne Syden, der ein koser seg med paraplydrinkar og sym med delfinar. Ei undersøking frå 2005 viser at nordisk nabospråkforståing har veikna meir blant ungdommar enn i den eldre generasjonen(Torp 2004). Skoleungdom i dag kan oppleve det som utdatert å halde fram med samarbeid med våre naboar i Norden, og ein kan spørje seg: Korleis skape interesse for nordisk samarbeid i skolen?
Nabospråkforståing
Skandinavia er eit geografisk avgrensa område med felles kulturarv og samarbeidshistorie. Dei som snakkar eit skandinavisk språk skal kunne kommunisere med kvarandre på sitt eige morsmål, noko ein kan kalle for nabospråkkommunikasjon. Litt tilpassing av ordval og språkbruk er oftast det som skal til for å forstå kvarandre. Ei omfattande undersøking kalla for ”Håller språket i hop i Norden?” utført i 2005, viser at nordmenn skårar høgast på skandinavisk nabospråkforståing(Torp 2004). Ho slår fast at danskar og svenskar har ei veikt nabospråkforståing i høve til korleis det var for 30 år sia. Nordmenn forstår framleis naboane våre like godt. Kvifor er det slik og korleis kan vi ivareta denne forståinga?
Nordisk språksamarbeid har både røter og føter. Røter fordi dei har samarbeidet gjennom fleire tiår. Føter fordi samarbeidet er i dynamisk utvikling heile tida. Reint biletleg sett kan ein seie at vi stadig plantar nye frø som etter kvart kan gro til store tre med sterke røter. Det har vore eit breitt politisk samarbeid med årlege språkmøta på tvers av landegrensene sia 1954.
Ekspertgruppa Nordens Sprogråd (ENS) er den politiske samarbeidsleiaren innafor nordisk samarbeid. Rådet har i hovudsak i oppgåve å arbeide for best mulig vedlikehald av vår felles kulturarv og våre språk. Helsingforsavtalen er ein samarbeidsavtale mellom dei nordiske landa. Avtalen går ut på at dei nordiske regjeringane skal legge til rette for at undervisninga i skolane skal omfatte undervisning som inneheld nordisk språk, kultur og samfunnsforhold. Dei har òg som mål at alle skandinavane skal kunne kommunisere med kvarandre, hovudsakleg på eit skandinavisk språk(Regjeringen 2009). Dette kan vi sjå utrykk for i dei norske, svenske og danske læreplanane. Dei inneheld konkrete mål som skal vere med på å gi ei funksjonell nabospråkopplæring i morsmålfaget. Dette er i tråd med Helsingforsavtalen, som peikar på verdien med nabospråkundervisning i skolen.
Kva er det som gjer at vi forstår naboane våre så godt?
Nordmenn har eit godt grunnlag for å forstå sine næraste naboar. Ei av årsakene til det er vår lange union med Danmark, der nordmenn vart påtvinga til å ta i bruk det danske skriftspråk. Likskapen med oss og svenskane er nok mykje på grunn av den geografiske nærleiken. Noreg er eit land med store dialektvariasjonar og har to likestilte skriftspråk. Nynorsk, som er tufta på norske dialektar, er likt svensk, medan bokmål er likt dansk. Ein kan med enkle ord seie at talespråket vårt er likt det svenske, og ordtilfanget vårt er likt det danske(Torp 2004:70).
Nordisk språkforståing opnar for samarbeid med i underkant av 20 millionar menneske som nokolunde forstår deg og ditt særeige språk. I tillegg til 4,8 millionar nordmenn har vi nærmare 15 millionar menneska ein kan dele til dømes litteratur, kultur og idrett med. Skolen har altså ein viktig jobb; han skal gjere elevane medvitne om rolla deira i nordisk samarbeid. For å få til dette må læraren gi dei innblikk i nytteverdien av det nordiske samarbeidet. Dette kan bli gjennomført ved å eksponere elevane for likskap mellom naboane i Norden. Ein kan til dømes ta utgangspunkt i nordiske soger og eventyr, moderne litteratur og aktuelle nordiske filmar og tv-program.
Nabospråk i skolen
Det skal ikkje leggast opp til ei systematisk språkopplæring av nabospråka i skolen. Opplæringa skal i hovudsak ligge på eit funksjonelt nivå. Det vil seie at elevane skal forstå og gjere seg forstått av sine svenske og danske naboar. Ein finn det konkretisert i LK06 sin læreplan for norsk der det står: ”Elevane skal forstå og gjengi informasjon fra svensk og dansk dagligtale(LK06:47)”. Dette er eit mål for elevane på 8. til 10. årssteg, og seier noko om kva slags rolle skolen har med tanke på nabospråkforståing. Den svenske og danske læreplan inneheld liknande mål, og skaper grunnlaget for eit funksjonelt skolesamarbeid.
Skolen kan førebu funksjonelt bruk av nabospråkforståing ved å skaffe seg ein nordisk venneklasse. Eit slik samarbeid finn ein oftast mellom skandinaviske skolar. Ei årsak til det er at elevane kan bruke sitt eiga morsmål som lingua franca i kommunikasjon med kvarandre i Skandinavia. Det vil seie at dei ikkje treng å bruke eit anna språk enn morsmålet sitt for å gjere seg forstått hos mottakaren. Brevveksling er eit nordisk samarbeid som kan seiast å vere den vanlegaste metoden i skolen som skal utvikle nabospråkforståing. Elevane får her utdelt kvar sin personlege venn, ofte ein som har liknande interesser og er av same kjønn. Men er det ikkje på tide med ei oppgradering av dette vennskapssamhaldet?
Blogg i eit nordisk samarbeid
Ei av dei grunnleggande ferdigheitene i skolen i dag er å kunne bruke digitale verktøy. Dette opnar opp for ein ny læringsarena. Ein kan for eksempel opprette bloggsider som eit ledd i å tilnærme seg LK06 sine mål. Det heile dreier seg om å tilpasse undervisninga i takt med samfunnet og bruke dei media og kommunikasjonsmidla vi har tilgang til. Typisk brevveksling mellom klassar i Norden kan utviklast til eit nyskapande prosjekt som bidrar til å auke forståinga mellom oss og naboane. Mitt forslag er da; kva med å utvikle eit bloggnettverk mellom nordiske klassar, der dei på denne måten lærer seg å forstå og bli forstått på eit funksjonelt nivå av sine naboar?
Blogg kan karakteriserast som ein samansatt tekst med ein eller fleire skribentar. Bakgrunnen for ordet blogg, er at det er ei forkorting av ordet weblogg, derav ordet blogg. Det er ei nettside som stadig blir oppdatert, der den siste skrivne teksten alltid ligg øvst på sida. Inne på bloggen kan ein kommentere teksten og gje tilbakemeldingar til forfattaren. Ved å ta i bruk blogg i skolen, opnar ein opp for ein ny ”sjanger” som er aktuell i samtida(Iversen 2009).
Eit bloggnetverk kan vere eit nettverk der ein finn linkar til kvarandre sin blogg, klasselogg eller eventuelt ei indeksside for alle bloggane. Elevane kan samarbeide over lengre tid og internalisere kunnskap og forståing om seg sjølve og nabospråka. Dette kan gjøre elevane bevisst på deira rolle i språket, fordi dei må reflektere og vurdere korleis dei skal ordleggje seg for å bli forstått. Samtidig får dei god øving i å lese svenske og danske tekstar. Dette vil med andre ord gi elevane eit metaperspektiv på nordisk språk og nabospråkforståing. Eit slikt samarbeid kan gje elevane eit nyansert bilde av Norden og si eiga rolle i dette fellesskapen.
Å leggje opp eit nettverk med bloggar der ein ikkje treng å avgrense seg til berre ein klasse, kan skape eit fruktbart nordisk samarbeid. Viss det er elevar eller føresette til elever med lite interesse i å offentleggjere barna til heile verda, kan eit slik nettverk også lagast internt. Det vil seie at ein kan bestemme kven som skal få tilgang til disse bloggane. Visst ein elev ikkje vil at utanforståande skal sjå deira blogg, kan den på teknologisk vis ”gjerast usynleg” for andre enn nettverket hans, mens dei andre bloggane ligg ute på Internett.
Kvifor bruke blogg i skolen?
Det positive med eit slikt bloggnettverk er at det kan vere til inspirasjon og læring for eit utal barn og unge som ikkje gjennomfører noko liknande sjølv. I tillegg er det ein elevaktiv arbeidsform, som i mange samanhengar kan inspirere og engasjere elevar og lærarar. Ved å produsere tekstar saman og individuelt som andre kan lese, gjer at ein blir meir kjent med seg sjølve og kvarandre. Ei slik openheit skapar kjennskap til kvarandre og vår eigen identitet, og dermed kan den vere med på å oppnå fleire av LK06 sine mål for opplæring. Til dømes får elevane trena seg i å lese og produsere samansette tekstar, samtidig som dei får mengdetrening i skriving.
Å arbeide med tekstar på ulike språk kan utvikle ein metaspråkleg kompetanse. Ei årsak til det er at ein må tilpasse seg konteksten til tekstane. Læraren har ei viktig rolle i dette samarbeidet. Blant anna er det viktig at han bidrar til eit skapande miljø, der elevane får armslag til tekstproduksjon. Bloggane kan utviklast individuelt, gruppevis eller ein kan ha klasseblogg der elevane skriv innlegg fortløpande. Det er mykje læraren må avklare før eit slik samarbeid skal gå i gang. Til dømes må han bevisstgjere elevane om nettvett. Det er viktig at læraren tar rolla som inspirator, og ikkje diktator! Ein ide kan vere at læraren også lagar seg ei bloggside, som eit ledd i læring og som føregangsmodell for elevane. Lærarane bør samarbeide med kvarandre internt og bli samde om felles mål for bloggnettverket. Gjennom blogg utvekslar ein idear og kunnskap med mange. Det blir ein fruktbar og mangfaldig fellesskap, der elevane får utfalde seg kreativt i ein meiningsfylt samanheng. Eit nordisk bloggnettverk kan med andre ord skape interesse for nordisk samarbeid i skolen.
Litteraturliste
[LK06] Utdannings- og forskningsdepartementet (2006). Kunnskapsløftet: Læreplaner for gjennomgående fag i grunnskole og videregående opplæring. Oslo, Utdanningsdirektoratet.
Regjeringen (2008). Språk bygger broer. St. meld. nr. 23 (2007-2008). Oslo, Kunnskapsdepartementet. Hentet 4.desember 2009 fra http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-23-2007-2008-/7/3.html?id=512510
Torp, Arne (2004). Nordiske språk i fortid og nåtid. I Sletten, Iben Stampe (red.) Nordens språk med røtter og føtter. København, Nordisk ministerråd.Tilgjengelig fra:http://old.norden.org/nordenssprak/
http://www.nordisk-sprakrad.no/ 4 desember 2009.
Iversen, Harald Morten 2009 : https://www.itslearning.com/Main.aspx?CourseID=7913

